Theofilos godkjent som vitenskapelig tidsskrift

Theofilos_cover

 

 

 

 

 

Som viserektor ved NLA Mediehøgskolen Gimlekollen og ansvarlig redaktør for det nordiske apologetiske tidsskriftet Theofilos, ser jeg på den nylige godkjenningen av Theofilos som vitenskapelig tidsskrift som en viktig og oppmuntrende milepæl.

I utviklingsarbeidet med tidsskriftet har særlig Philosophia Christi og fagmiljøet rundt European Leadership Forum vært sentrale inspirasjonskilder.

 

 

Vi siterer dagens nyhetssak på nla.no, skrevet av FoU-rådgiver ved NLA Mediehøgskolen Gimlekollen Terje Skjerdal:

Tidsskriftet Theofilos, som vert gjeve ut av NLA Høgskolen, er vorte godkjent som publiseringskanal på nivå 1. Det vil seia at artiklar som er publisert i tidsskriftet vert rekna som meritterande i forskingssamanheng og får økonomisk utteljing i form av forskingsmidlar over statsbudsjettet.

Theofilos har kome ut sidan 2009 og er eit tidsskrift i skjeringspunktet mellom teologi, filosofi og kultur. I kolofonen står det at føremålet er å «presentere, analysere og drøfte den kristne troens sannhet og relevans».

Theofilos byrja som eit populærtidsskrift med reflekterande artiklar, men gjekk i 2012 over til å bli fagfellevurdert, noko som vil seia at kvart forskingsbidrag vert vurdert anynomt av to eller tre fagpersonar før det eventuelt vert publisert. Tidsskriftet har tre seksjonar; ein for fagfellevurderte artiklar («Academia»), ein med populærartiklar («Forum»), og ein seksjon med bokmeldingar («Biblos»). Ein artikkel publisert i den fagfellevurderte seksjonen utløyser i overkant av 30.000 kroner i statsstønad til institusjonen som skribenten tilhøyrer.

Theofilos har eit redaksjonsråd med fagpersonar frå høgre utdanningsinstitusjonar i Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Storbritannia. Redigeringsspråket er norsk, svensk, dansk og engelsk. Redaksjonen held til ved NLA Høgskolen Gimlekollen i Kristiansand, og er samansett av Lars Dahle (ansvarleg redaktør), Stefan Lindholm (redaktør), Bjørn Hinderaker og Margunn Serigstad Dahle.

Theofilos er det første fagfellevurderte tidsskriftet utgjeve av NLA Høgskolen.

 

Det første nummeret i ny drakt og versjon – nr. 1, 2012 – kom ut i slutten av juni 2012. Dette nummeret er tilgjengelig  som gratis prøvenummer her.

I lederen i dette første «nye» nummeret ga jeg uttrykk for en firdelt visjon for tidsskriftet, nemlig en faglig utforsking og drøfting av den kristne apologetikkens fire dimensjoner:

  • apologetikk som ‘pre-evangelisering’
  • apologetikk som ‘post-evangelisering’
  • apologetikk som ‘fag/tro og faith/learning’
  • apologetikk som ‘kulturkritikk og kulturbidrag’

 

Ellers anbefales selvsagt abonnement!

 

————-

English: It is a delight to be able to inform interested readers that the Nordic biannual apologetic journal Theofilos now has been formally recognized as an academic publication (level 1). This would not have been possible without the generous support of J W Laing Trust, which we gratefully acknowledge.

The peer-reviewed section includes academic articles in English, alongside contributions in Norwegian, Swedish and Danish.